PRESSE

NYTT ALBUM 22. FEBRUAR!

PRESSE

E-76 har nok ein gong vore i studio og spela inn eit knippe songar om livet på bygda.

Denne gong gjekk turen til Halden og Athletic Sound der Kai Andersen med erfaren hånd styrte spakane. Resultatet vart ei organisk og levande plate som speglar E-76 som det festbandet det er, men i tillegg vart det og festa på teip nokre meir ettertenksomme låtar, noko som gjer at plata spenner frå visur til rock.

Det er Edvin Loftsgarden som har laga alle låtane og i tillegg har det kome inn eit nytt ungt medlem som eit friskt pust i bandet..

Kristian Sundsvalen er navnet, ein kløpper på elgitar og Steel, noko som har lyfta det musikalske nivået til nye høgder.

Me gledar oss difor til å koma ut på vegen for å presentere dei nye songane, men dei gamle slagerane vil og bli å høyre.

Ny plate kjem ut i slutten av februar.

 

 

E-76.no - BYGDERØKK MÆ TELEHIV!

KOMMANDE KONSERTAR: